page view image

Kvemmadokkje 2026: ODD NORDSTOGA med band // tba

Kvemmadokkje Husmannsplass feirar 20 år som kulturarrangør!
I samarbeid med Voss Sparebank er det ei stor glede å få presentera årets hovudgjest til sommarens kulturkveld i Kvemmadokkje:

Den folkekjære artisten ODD NORDSTOGA med band kjem og spelar for oss i tunet!
Dette vert ein høgdare i husmannhistoria!
I tillegg kjem Nordic Fiddlers Bloc, Silje Skare Storhei og Kvitanesen.

Håpar å sjå både kjente fjes og nye i publikum -kom og feir i lag med oss!

Informasjon
event image

ODD NORDSTOGA

Få klarar å skildra poesien i kvardagen slik som Odd Nordstoga klarar, utan at det
nokon gong vert klisjèfylt eller svulstig. Han syng om skogen, om hausten. Om å
lengta tilbake til sommaren! Og om dagane som kom og gjekk. Han får oss til å
dansa, sjølv om me ikkje kan det, og til å vilja synga med av full hals om denne grisen
som står og hyler.

Det er aldri nokon tvil om at denne mannen lev for å spela for publikum, og det er
jaggu ikkje rart at publikum over heile landet har trykt han til brystet sitt, både i
høgtid og på fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennes rett og slett ut som ei
vitaminsprøyte anten det er åleine, med fullt band, med andre musikalske
gjester, eller med strykeorkester.

Odd er ein slags nasjonalleverandør av kvalitetsmusikk, og når han legg ut på turer det med både gamle og nye hits i skreppa. - Og til Kvemmadokkje kjem han med heile bandet sitt - me gler oss! 


The Nordic Fiddlers Bloc er ein høgt akta folkemusikktrio som bestå av tre av dei fremste felespelarane me har i Norge, Sverige og Shetland. Gruppa er kjent for å blanda sine rike, regionale tradisjonar til eit unikt lydbilete som ofte vert samanlikna med ein strykekvartett i intensitet og klang. GLED DYKK! 


Bandmedlemer:

Olav Luksengård Mjelva (Norge): Fele og hardingfele.
Anders Hall (Sverige): Fele og bratsj.
Kevin Henderson (Shetland): Fele. 



Silje Skare Storhei er eit ungt musikalsk talent frå Utne, Hardanger, som er særs god på toradar. Det vert kjekt å ha Silje med på laget i Kvemmadokkje denne kvelden. 


Kvitanesen kjem og syr det heile i hop med sine underfundige tekstar og risper om kvardagslivet i Hardanger og omegn, frå farne tider og notida. Kvitanesen har vore mange gonger i Kvemmadokkje, så me gler oss til å få han på vitjing att.


Mat og drikke

Det vert sal av mat og drikke som vanleg, tema er som alltid husmannskost og lokal drykk av beste sort. I tillegg vert det kjøt frå lokalmatprodusentar å få kjøpt - i form av burger og pylsa!


Transport og parkering

God plass til parkering for dei som kjem med bil. Fylg instruksjon frå parkeringsvertar ved inn- og utkøyring og ved parkering. Om nokon har spesielle behov ta kontakt med vertskapet så ordnar me det.

Det vert òg mogleg å reisa sutalaust og miljøvenleg med buss frå Voss og frå Lofthus - ta BANKBUSSEN til og frå konsertkveld i Kvemmadokkje utan å tenkja på bompengar og parkering. Info kjem.


Det vert filma og fotografert under arrangementet.

Mbh
vertskapet
v/Heidi og Torkjell, Toril og Johan og resten av den fantastiske gjengen med gode hjelparar

odd nordstoga kvemmadokkje nordicfiddlersbloc siljeskarestorhei kvitanesen

Restriksjoner

Alkoholsal. Ungdom under 18 år vert markert ved inngang.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte ved endring i program utanfor arrangøren sin kontroll.
Ved avlysing av arrangementet vert billettar refunderte.