Kvemmadokkje 2026: ODD NORDSTOGA med band // tba
Kvemmadokkje Husmannsplass feirar 20 år som kulturarrangør!
I samarbeid med Voss Sparebank er det ei stor glede å få presentera årets hovudgjest til sommarens kulturkveld i Kvemmadokkje:
Den folkekjære artisten ODD NORDSTOGA med band kjem og spelar for oss i tunet!
Dette vert ein høgdare i husmannhistoria!
Håpar å sjå både kjente fjes og nye i publikum -kom og feir i lag med oss!
Fleire artistar er i kjømda - meir info kjem både her og på nettsida.
ODD NORDSTOGA
Få klarar å skildra poesien i kvardagen slik som Odd Nordstoga klarar, utan at det
nokon gong vert klisjèfylt eller svulstig. Han syng om skogen, om hausten. Om å
lengta tilbake til sommaren! Og om dagane som kom og gjekk. Han får oss til å
dansa, sjølv om me ikkje kan det, og til å vilja synga med av full hals om denne grisen
som står og hyler.
Det er aldri nokon tvil om at denne mannen lev for å spela for publikum, og det er
jaggu ikkje rart at publikum over heile landet har trykt han til brystet sitt, både i
høgtid og på fest. Ein konsert med Odd Nordstoga kjennes rett og slett ut som ei
vitaminsprøyte anten det er åleine, med fullt band, med andre musikalske
gjester, eller med strykeorkester.
Odd er ein slags nasjonalleverandør av kvalitetsmusikk, og når han legg ut på tur
er det med både gamle og nye hits i skreppa.
- Og til Kvemmadokkje kjem han med heile bandet sitt - me gler oss!
Fleire artistar kjem på programmet - fylg med!
Mat og drikke
Det vert sal av mat og drikke som vanleg, tema er som alltid husmannskost og lokal drykk av beste sort. I tillegg vert det kjøt frå lokalmatprodusentar å få kjøpt - i form av burger og pylsa!
Transport og parkering
God plass til parkering for dei som kjem med bil. Fylg instruksjon frå parkeringsvertar ved inn- og utkøyring og ved parkering. Om nokon har spesielle behov ta kontakt med vertskapet så ordnar me det.
Det vert òg mogleg å reisa sutalaust og miljøvenleg med buss frå Voss og frå Lofthus - ta BANKBUSSEN til og frå konsertkveld i Kvemmadokkje utan å tenkja på bompengar og parkering. Info kjem.
Det vert filma og fotografert under arrangementet.
Meir info om arrangement kjem.
Mbh
vertskapet
v/Heidi og Torkjell, Toril og Johan og resten av den fantastiske gjengen med gode hjelparar
Restriksjoner
Alkoholsal. Ungdom under 18 år vert markert ved inngang.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refunderte ved endring i program utanfor arrangøren sin kontroll.
Ved avlysing av arrangementet vert billettar refunderte.