page view image

Kvemmadokkje: SIGRID MOLDESTAD MED BAND // STIAN CARSTENSEN // SONGRIA // EPLAPRINSEN // ANDERS MØN MJELDE

Konsert på husmannsplassen Kvemmadokkje, på garden Børsheim i Ulvik i Hardanger.

Information
event image

Me inviterar til nok ein konsertkveld i tunet på husmannsplassen Kvemmadokkje. Det vert variert, mykje song og musikk og av høg kvalitet! 


Sigrid Moldestad vitja oss i 2016,og det er ei stor gleda å få oppleva ho ein gong til, og no har ho med originalbandet sitt. 

Sigrid Moldestad er kjent for si kraftfulle blanding av folk, vise- og tradisjonsmusikk. Ho er ein artist med eit sterkt forteljarhjarte og evne til å berøre tilhøyrarar med vakker melankoli og leiken kraft.

Ho har gjeve ut 7 soloalbum, dei to siste kom i 2023: «Regndråpeborna» med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim, og den Spellemannsnominerte folkemusikkplata «Breim». Ho fekk også spellemannsprisen for den første soloplata si «Taus» i 2007 som handla om musikk etter kvinnelige felespelarar på Nord-vestlandet. Ho har motteke ei rekke andre prisar og utmerkingar for arbeidet sitt - og investert mykje tid i prosjektet «Pederhuset» i heimbygda Breim. Prosessen med å restaurere det gamle spelemannshuset vart mellom anna ein tv-dokumentar på NRK. Sigrid Moldestad har i tillegg til musikken jobba som skodespelar i fleire produksjonar i på Det Vestnorske Teateret, Teater Vestland og Den nasjonale scene i Bergen.

Jørgen Sandvik ( gitarer, banjo) Sigbjørn Apeland ( trøorgel, rhodes, piano)Kåre Opheim ( trommer)Anders Bitustøyl (bass)Roald Kaldestad ( gitarer, mandolin ) 

Sigrid Moldestad (feler, vokal, ukulele) 

Foto: Francisco Munoz


Stian Carstensen 

Stian Carstensen er en av verdens fremste mulitinstrumentalister. Han trakterer bl.a trekkspill, gitar, banjo, sekkepipe, bulgarsk fløyte, pedal steel gitar, fiolin og leirgjøk.

Stian er fra Eidsvoll hvor han kommer fra en familie med 5 generasjoner trekkspillerepå begge sider.

Stians repertoar består av en miks av hjemmelagede og importerte musikalske elementer med hovedvekt på jazz, balkansk folkemusikk, bluegrass, country, og klassisk musikk. Han går heller ikke avveien for å hamre sammen humoristiske viser gjerne på eidsvollsdialekt ,og praktiserer improvisert verbalhumor av ypperste merke på scenen. Musikalsk brådiktning over forslag fra publikum er et varemerke.

Stian har gjennom tiden samarbeidet med folk som  Elias Akselsen, Jerry Douglas, Michael Brecker, Arve Tellefsen, Mike Patton, Wenche Myhre, Jacob Collier, Arve Henriksen, Anne Sofie von Otter,Øystein Sunde,Mathias Eick Alf Cranner, Lars Saabye Christensen og med orkestre i inn og utland og har mottatt to spellemannpriser, og Telenors kulturstipend for grenseløs kommunikasjon.

 Av kuriøse faktaopplysninger kan det nevnes at han har vært på hitlistene i Azerbaijan, blitt drapstruet på scenen i Kazakstan og har mottatt dødsstrusler i brevsform etter å ha skrevet tekst og musikk til ny nasjonalsang for Norge på oppdrag fra NRK.

Han er kanskje mest fra bandet Farmers Market, men har også markert seg som soloartist, solist og konferansier.


Songria

Det fruktige damekoret Songria vart stifta i august 2023 etter at nokre av medlemmene hadde vorte eksponerte for mannskor og alkohol ved fleire høve i løpet av sommaren.

Dei har ikkje noko krav til songstemme og har svært lite korerfaring, så at det lét som det gjer, kjem mest av øving og ambisjonar. Og flaks!

Koret Songria er som drikken sangria; mykje frukt, god sødme, friskt, leskande og bittelitt syrleg. OG ein vert både glad og litt ør i deira selskap.


Eplaprinsen

Ung og lovande fruktbonde frå Ulvik som er glad i fortelja sannsoger og tek folk på kornet. Me gler oss til å høyra han i Kvemmadokkje! 


Anders Møn Mjelde

Ungdom frå Voss, med aner frå Granvin, som er i startgropa på eit flott spelemannsliv. Går mellom anna i lære hjå meisterspelemann Knut Hamre. Det vert flott med litt lokalt  hardingfelespel! 


Sal av mat og drykk som vanleg. 

Velkomne skal de vera! 

NYTT AV ÅRET:   BUSSTRANSPORT FOR PUBLIKUM

I år har me gleda av å tilby transport for tilreisande frå Voss, Granvin og Ulvik som går heilt fram til Kvemmadokkje. 

Reisande frå Voss og Granvin kjøper billetten som har tur/retur til kr. 100.
Bussen går frå Voss kl.16.30 ved Tinghuset. Vidare går den innom Granvin busstasjon og har avreise derifrå kl. 17.00. Deretter plukkar den opp dei som har billett frå Brakanes med avgang kl. 17.30. Reisande frå Brakanes kjøper billett med avgang kl.17.30 til kr.60. Retur for desse billettane er om lag kl.2245-2250, alt etter kor tid bussen kjem seg avgarde frå Kvemmadokkje med fyrste avgang etter konserten.

Bussen går nedatt til Brakanes og hentar nye reisande. Dette er buss nr. 2. Avgang frå Brakanes kl.18.10. Retur for denne billetten er om lag kl. 22.20, men me tilpassar det konsertslutt. 

Det er viktig at folk går på den bussen som ein har kjøpt billett til, spesielt om det vert fulle bussar.

Møt opp i god tid før avgang slik at avvikling av transporten går smidig og fortast mogleg. Validering av billett frå Voss og Granvin vert gjort av bussjåfør, medan i Ulvik vil det vera ein Vert frå Kvemmadokkje som tek seg av det.
 

Me håpar dette tilbodet vert teke godt imot, og at det vil lokka fleire til å ta turen til oss i Kvemmadokkje. Både dei som har høve til å bruka bil og dei som ikkje har bil. 

Det er miljøvenleg og sosialt å reisa i samla flokk, slå av ein god drøs med naboen i påvente av kulturelt påfyll! 

Busstransporten er støtta av BIR Voss Hardanger.


Beste helsing 

Vertskapet v/

Heidi og Torkjell 

Toril og Johan

- med gode hjelparar 


Restrictions

Servering av alkohol innanfor avgrensa område. Ver gilde og respekter dette.