Kvemmadokkje 2025: SUDAN DUDAN // SIGNE FØRRE KVARTETT // ODDNY

Kvemmadokkje Husmannsplass har gleda å invitera til sommarens storkonsert laurdag 2. august! Her vil framifrå norske musikarar slå seg laus på utescena og gje ein ny, uforgløymeleg oppleving for alle musikkglade. Vande gjester legg merke til at datoen er flytt frå midten av juli til fyrste helg i august, og me vonar at både gamle og nye konsertgjengarar finn vegen opp i tunet denne kvelden.

page view image
Event date

Saturday 2 Aug 2025 18:00

Ends Saturday 2 Aug 2025 23:00
order

Available items

Vaksen
Born 12+
Born u. 12 år
event image

Event information

Årets konsertprogram er knallsterkt meiner me sjølve, med tradisjon og nyskaping i herleg foreining. Her får en nyta folkekjære artistar og nye stjerneskot mellom Ulvik-fjella.

SUDAN DUDAN – den eminente folkemusikkduoen Marit Karlberg og Anders Erik Røine!

Med over 20 års fartstid saman og fire sterke plateutgjevingar under beltet har Sudan Dudan eit velfortent trufast publikum i folkemusikkmiljøet og stor anerkjenning i det større musikk-Noreg. Både Karlberg og Røine står fjellstøtt i tradisjonsmusikken gjennom song, gitar, munnharpe, fele, harmonium, lyre og langeleik. Dei nyttar både tradisjonsmateriale og komponerer eigne melodiar og tekstar, gjerne med inspirasjon i andre sjangrar som country og bluegrass, men også i ørkenblues og salmesong. Anders er busett i Bø i Telemark og Marit er busett i Valdres, begge med røter i Oslo og Valdres.

SIGNE FØRRE KVARTETT – kritikarrosa jazzmusikar Signe Førre med stjernelag!

Komponist, vokalist og kontrabassist Signe Førre frå Voss har vore musikar sidan ho var 19 år, og kan sidan 2014 visa til ei lang liste komposisjonar og sterke samarbeid. I 2024 kom ho endeleg med debutplata «Fagert», til strålande kritikkar. Plata spring ut av tingingsverket «Etnojazz», laga til Finnesloftet på Voss i 2019, med midlar frå Det norske komponistfond. Musikken er ei reise gjennom ulike kulturar og tidsperiodar, der folkemusikk og jazz vert smelta saman og får nytt liv gjennom hennar nyskrivne arrangement. Førre syng på alle originalspråka(!), som serbisk, makedonsk, engelsk, norsk, bulgarsk mv. Denne laurdagskvelden får me bli med på ei skikkeleg musikalsk reise. Med seg på laget har ho Jo Asgeir Lie på trekkspel og Kåre Opheim på perkusjon, i tillegg til Torbjørn Økland på trompet og ulike strengeinstrument som bouzouki og gitarar.

ODDNY – vestlandsk superband med rykande fersk plate!

Det er veldig kjekt å kunna ynskja Oddny hjarteleg velkomen attende til Ulvik! Eit begeistra publikum fekk oppleva denne talentfulle kvartetten under sidersleppet i fjor, og me er mange som gler oss til å sjå dei att, no med heilt ny plate i bagasjen.

Oddny er fire karar med base i Bremanger og eit heilt særeige musikalsk uttrykk. Musikken deira kombinerer det vestlandske underfundige med element frå folk, rock og leiken pop. Gruppa har fått særleg merksemd for dei karakteristiske tekstane på dialekt, med høg gjenkjenningsfaktor og fengande fraser. Låta «Oktober, Bergen by» har gått sin sigersgang på radio, og no i mai slapp dei det etterlengta debutalbumet «Eg trur eg er åt å komme meg / Nye sko». Mykje tyder på at det vert god vestlandsk stemning i Kvemmadokkje denne kvelden.

Velkomne skal de vera!

Dørene opnar kl. 18.00. Konsertstart kl. 19.00.

Det vert som vanleg husmannskost og godt drikke til sals i tunet. Alkoholservering innanfor merka område.

Ta med ein god ven og godt humør!

Billettar

Vaksen: 650 kr

Born 12+: 450 kr

Born under 12 år: gratis

Parkering på Børsheim Gard, noko gangavstand må påreknast. Køyr gjerne i lag!

Informasjon om busstransport kjem seinare.

Organizer
Kvemmadokkje Husmannsplass